Steinar Karlsen TRANSITT cd


 

 


1. Morgon

2. Blyg

3. Yr

4. Transitt

5. Snømåne

6. Uro

7. Luftslott

8. Mellomtid

9. Ly

10. Natt


Steinar Karlsen sitt sjuande soloalbum "Transitt" frå 2023 markerar ei spanande utforsking av nye musikalske verkemiddel, der Karlsen saman med Kåre Opheim (trommer) og Morten Skage (bass), tar i bruk improvisasjon og skapar unike komposisjonar som hentar inspirasjon frå jazz, folkemusikk og kunstmusikk. Steinar Karlsen har sjølv arrangert og produsert albumet, og han viser sitt allsidige musikalske talent på både gitar, orgel, synth og pedal steel. Av dei ti komposisjonane på albumet er ni signert Karlsen sjølv, medan tittelsporet er jobba fram i studio saman med Skage/Opheim. Albumet er innspelt i Havnelageret studio i Bergen og heime hjå Karlsen i Vangdal. Bård Ingebrigtsen har stått for miksinga, medan Karl Klaseie ved Øra mastering har mastra plata. Steinar Karlsen har hausta åtgaum for instrumentalmusikken sin sidan debuten med "Ulydium" i 2011. I 2020 omtala det amerikanske magasinet Vintage Guitar Karlsen som "assuredly one of the brightest lights in the world of instrumentals," og same magasin skildra albumet "Tur" som "One of the best instrumental releases of the year." Det nye albumet er eit must for dei som ynskjer ei musikalsk oppleving utan grenser, og fastset Karlsen som ein av dei mest spanande musikalske talenta innan sjangeren. 


Omtale av plata: Lars Mossefinn (saltpeanuts.eu): “Melodisk og harmonisk elegant. ... Steinar Karlsen fortener eit større publikum». 


Øyvind Pharo (bluesnews.no): «Melodiske stemninger der instrumentene høres ut som ordløs sang ... Uendelig vakkert